Eg visste at Halvdan Sivertsen har laga mykje bra musikk. Og eg visste at han er svært populær og dreg mykje folk på konsertane sine. Men eg ante faktisk ikkje at han var ein heilt fenomenal entertainer – grensande imot standup-artist i verdsklasse!

Og eg ante ikkje at han, i ein alder av snart 70 år, til det fulle klarer å kombinere det å lage ein kjempegøyal konsertopplevelse som inkluderte mengder av latter og skøy med å spele og synge så variert musikk. Musikk som inneheldt eit enormt spenn mellom det fengande og det vakre. Og med tekstar med eit minst like stort spenn mellom det alvorlege og det underhaldande.

Når han krydrar det heile med musikarar – og for ikkje å gløyme lydfolk og lysfolk (!) – av ypperste klasse – og slenger på ein dæsj samfunnskritikk og ganske tydelege politiske meldingar – ja då er det berre ein ting å seie:

FØRR EIN FYR!

Takk til deg Halvdan, og takk til alle 400 ytternamdalingar som kom og var med på å gjere dette til ein ganske så ålreit dag på jobben 🙂

Helsing Kulturhusleiaren.

 

Vi rulla inn amfiet, for å få plass til alle 400 som ville på konsert i dag. Det trur vi mange satte pris på!

Halvdan Sivertsen med sitt fantastiske band. Slikt må vi prøve å få til meir av!